Herrens fremstilling i templet | En refleksjon

Herrens framstilling
av Marcus Sele Samuelsberg

Framstillinga og ofringa i templet var det siste av ei rekkje ritual knytt til fødsel i det gamle testamentet. Festen i dag, Herrens framstilling, markerer dimed slutten av jolemysteriet i kyrkjeåret. Frå no av rettar me blinken framover og ventar på påske.

Det er mange ting eg kunne sagt om denne forteljinga, men eg lyt avgrensa det til tre refleksjonar.

For det fyrste: Framstillinga i tempelet markerte enden på reinsingstida åt mora (3 Mos 12,1-4). Maria turvte ikkje reinsing, for ho var den upletta og fullstendig fri for all synd og ureinleik. Det var ei rituell reinsing som ho gjekk gjennom i truskap og lydnad mot lova. Ho vart sjølv fødd under lova, slik Kristus vart fødd under lova (Gal 4,4), og gjorde det lova kravde, av kjærleik til Gud. Framstillinga i tempelet var ein rituell markering og feiring av Marias kall til å vera mor. Fyrst som mor til Kristus, og so som mor til oss alle (jf. Joh 19,26).

Kva dette kallet innebar, kom tydeleg fram då Simeon, driven av Den Heilage Ande, tala desse profetorda:

Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, kom fram i dagen. (Luk 2,34-35, Bibel 2011)

Allereie her ser me Kristi frelsande død og liding på krossen for våre synder skuld, og den syrgjande mora som står under krossen. Nøyaktig kva ho skjøna der og då, i den augneblinken, veit me ikkje, men nok ein gong fekk ho stadfest kallet sitt til å vera mor – mor til Gud, til Guds Son som skulle lida på krossen, og mor til Kyrkja.

For det andre: Framstillinga i tempelet viser oss kven Kristus er. Kva han kom for å gjera, var klårt allereie frå han vart fødd. Då Simeon såg Kristus, song han sin lovsong, der han kalla Jesusbarnet for Guds frelsa og «eit lys til openberring for heidningane og til ære for folket ditt, Israel» (Luk 2,30.32).

Han tok barnet i armane sine og sa til Gud at no kunne han kalla han heim, for han visste at dette barnet var Messias. Frelsa var ikkje eit abstrakt eller filosofisk konsept. Det var ikkje ei militær eller politisk frigjering frå romarane. Nei, frelsa var her i armane hans, som eit lite barn. Han skjøna stykkevis, og tala profetisk stykkevis (jf. 1 Kor 13,9), men med tida skulle alt koma for dagen, so alle kunne sjå og skjøna det, både heidningar og israelittar: dette vesle barnet var sanneleg Guds Son og verdsens Frelsar (jf. Mark 15,39).

Kristus vart boren fram i tempelet, ifylgje den gamle pakta, der presten ofra duene på hans vegner. På krossen, kringom 30 år seinare, bar Kristus fram sin eigen kropp og vart sjølv prest, offer og tempel i den nye pakta. Ja, dette er heile poenget til Lukas, som kjem fram gong på gong i evangeliet hans: det byrja i tempelet i Jerusalem. Dette tempelet er no rive ned, og eit nytt eit har Herren bygd: Kristi eigen Kropp, til ljos og frelse for heile verda.

Herrens framstilling er dimed eit naturleg vendepunkt i det liturgiske året, slutten av feiringa av Herrens fødsel og barndom og byrjinga på ventetida fram til faste og påske.

Og for det tredje: Framstillinga i tempelet seier oss noko om kven me er. Eg ser i denne forteljinga ein fantastisk allegori for kristenlivet. Maria ber oss i armane sine, inn til øvstepresten i tempelet. Josef er òg med, litt i bakgrunnen, og bed for oss. Maria ber oss inn i det himmelske tempelet, og der ser me øvstepresten (Kristus) som ofrar to duer (dei to naturane sine – Gud og menneske) for augo våre (jf. Gal 3,1). Ved det offeret vert me helga.

Relaterte artikler
spot_img

Tidebønner på St Rita Radio

Søndagsfrø med p. Rafal Ochojski MSF