Kva er du, Immaculata?

Kva er du, Immaculata? Den heilage Maximilian Kolbe (1894-1941) stelte ofte seg dette spørsmålet. Immaculata er naturleg nok jomfru Maria. Ordet er sett saman av forstavinga in- «utan, ikkje» og verbet maculo «eg skitnar til, eg flekkar til». So immaculata tyder «ho som ikkje er tilskitna». Interessant nok dukkar det same ordet opp den latinske omsetjinga av Jakobs brev, i det fyrste kapittelet:

Religio munda et immaculata apud Deum et Patrem, hæc est: visitare pupillos et viduas in tribulatione eorum, et immaculatum se custodire ab hoc sæculo. (Iac i.27 Vulgata Nova)

Ei rein og feilfri gudsdyrking for Gud, vår Far, er dette: å sjå til enkjer og foreldrelause born i deira naud, og ikkje la seg flekka til av verda. (Jak 1,27 Bibelselskapet 2011)

Religio er òg eit spanande omgrep. I våre norske biblar står det «gudsdyrking». Cicero (106-43 f.Kr.) tykte at ordet religio kom frå re-lego «eg les om att; eg les på nytt», altso at religion var noko ein støtt las om att, gjekk attende til og studerte. Andre latinske forfattarar tykte det kom frå religo «eg bind fast»: ein batt seg til ein gud, eit system av ritual eller ei særskild lære.

At det i den latinske Bibelen står religion her, er verdt å leggja merke til. Ja, det er mest kontroversielt. Religion er å hjelpa dei farlause og enkjer og halda seg uflekka av verda (jf. Joh 17,16). Rein og feilfri religion får eit veldig konkret og handfast uttrykk. Rein religion er ikkje ei abstrakt lære eller eit komplisert system av ritual. Jau, bokleg kunnskap og verdig gudstenestefeiring er viktig og rett. Men som ei lampe utan olje, er religion utan sann kjærleik til nesten sin, heilt ubrukeleg. Det er berre når me elskar nesten vår, at Gud har glede i våre offer og vår gudsteneste (jf. Sal 51,18-21).

Det er ikkje på himmelen, i draumar eller i syn me ser Jesu andlet; det er i andletet åt det farlause barnet og åt enkja. Herren sjølv seier:

Så skal kongen seia til dei på høgre sida: ‘Kom hit, de som er velsigna av Far min, og ta i arv det riket som er gjort i stand til dykk frå verda vart grunnlagd. For eg var svolten, og de gav meg mat; eg var tørst, og de gav meg drikke; eg var framand, og de tok imot meg; eg var naken, og de kledde meg; eg var sjuk, og de såg til meg; eg var i fengsel, og de vitja meg.’ (Matt 25,34-36 Bibelselskapet 2011)

Når Maria vart kalla immaculata, er det av di ho vart vara frå arvesynd og all synd. Ho åleine fekk dette privilegiet. Men med henne som føremønsteret vårt kan me alle streva etter å leva eit uflekka liv, å leva ut ein rein religion. Maria var ikkje berre ein passiv mottakar av Guds nåde, men ho var ei handlings kvinne. Fyrst og fremst heldt ho ut i bøn, og framleis bed ho for oss i himmelen, føre trona åt Son sin.

So kva er du, Immaculata? O Immaculata, kva du no enn er, so er du alt eg ynskjer sjølv å vera.

Av Marcus Sele Samuelsberg

Vil du hjelpe andre mennesker med å vokse i troen og kjærlighet til Gud gjennom en gave til EWTN Norge – St Rita Radio? Trykk her for å støtte vårt arbeid

Relaterte artikler
spot_img

Tidebønner på St Rita Radio

Søndagsfrø med p. Rafal Ochojski MSF