Kven er ein miskunnsam samaritan?

Eg tenkjer mykje på likninga om den miskunnsame samaritanen frå evangeliet etter Lukas, kapittel 10. Det er ei kraftfull likning med mange lag.

Ved fyrste augnekast ser det ut til at dette er ei etisk likning som seier noko om korleis me skal leva og handla. Samaritanen, frå eit folk som vart sett ned på, stoggar og hjelper ein mann som treng det. På same vis er me kalla til å hjelpa alle, same kven dei er eller kva dei trur på. Menneskeslekta er eitt stort brorskap og alle menneske er nesten vår. Denne etiske tolkinga kjem vår Herre sjølv med, i Luk 10,36-37.

Men kyrkjefedrane ser òg her ei anna forteljing. Dei skjøna henne som ein allegori, det vil seia ei symbolsk forteljing som formidlar åndelege sanningar. Vår Herre kjem sjølv med allegoriar, til dømes om såmannen (Matt 13,1-9.18-23). Både Irenaeus (125-202), Origenes (185-253) og Augustin (354-430) såg i den miskunnsame samaritanen historia om frelsa, frå syndefall til domedag. Origenes hadde høyrt det frå «dei eldste» (presbyterane eller prestane), so ho kjem kanskje frå apostolisk tid.

Lat oss sjå på likninga, vers for vers:
Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød. (Luk 10,30)

Ein mann, det vil seia Adam og heile menneskeslekta med han, gjekk frå Jerusalem, den himmelske byen, paradishagen i Eden. Han gjekk frå Guds stad og ned til Jeriko, som symboliserer verda. Namnet «Jeriko» kjem frå ordet for månen, ein måne som alltid endrar seg. På same vis er verda i evig endring; ho går under og er ikkje evig.

Røvarane er djevelen og englane hans, og dei reiv av kleda, det vil seia dei tok frå han udødelegdomen. Dei skamslo han ved å få han til å synda. Dei lét han liggja halvdød. Han var levande, men død i syndene sine, og difor vart han kalla halvdød.

Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi. (Luk 10,31-32)

Presten symboliserer Lova og det gamaltestamentlege presteskapet. Det hadde ikkje makt til å frelsa mennesket, og difor gjekk han rett forbi. Levitten symboliserer profetane og forkynninga deira. Men mennesket ville ikkje høyra, og difor gjekk han òg forbi.

Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han. (Luk 10,33)

Samaritan tyder «ein som held oppe», av di samaritanane såg på seg sjølve som det folket som heldt Moselova i hevd. Han som held alle ting oppe – vår Herre Jesus Kristus – gjekk forbi og såg mennesket i synd og fattigdom. Han fekk inderleg medkjensle med han og ville frelsa han.

Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. (Luk 10,34)

Han la forbinding på såra til mannen, for Kristus kom for å «forbinda dei som har eit knust hjarta» (Jes 61,1). Det symboliserer òg korleis Kristus bind vår syndige natur og gjev oss kraft til å stå mot synda.

Olja er vona og trøysta me har i Kristus. Olja er òg eit symbol på salving og seier at me har vorte utpeika til å vera eit heilag folk (1 Pet 2,9). Her ser me òg den heilage krisma, eller olja som vert nytta i dåp og ferming – sakrament som fører oss inn i Kyrkja. Og ikkje minst ser me salvinga av sjuke og døyande, sakramentet som hjelper oss i veikskapen vår.

Vinen er den livgjevande drykk som oppmodar oss til å leva eit liv i Anden. Me ser her Eukaristien, der Kristus nærer oss med sin Lekam og sitt Blod, i skapnaden av brød og vin.

Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han. (Luk 10,34)

Eselet er eit trekkdyr. Han som var i himmelen fornedra seg sjølv, tok på seg vår menneskelege natur og vart ein tenar lik (Fil 2,6-7). Dimed representerer eselet Kristi eigen Lekam og peikar på inkarnasjonen. I denne fornedra menneskenaturen sin lyfte han mannen opp og bar syndene hans.

Herberget symboliserer Kyrkja, som er open for alle og der alle slitne vandrarar kan koma, finna kvile og få næring.

Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’ (Luk 10,35)

Morgonen etter er påskemorgon, då Kristus stod opp frå dei døde. Han gjekk gjennom den mørke natta og vann over døden. Difor gav han to denarar til verten. Augustin tykkjer at verten representerer apostelen Paulus og at dei to denarane representerer det tvifaldige kjærleiksbodet (Matt 22,37-40). Lovnaden om å betala tilbake det verten må leggja ut, les Augustin som ein referanse til sølibatet og korleis Paulus arbeidde sjølv for ikkje å verta ei bør for kyrkja (jf. 1 Kor 11,9).

Ein kan òg skjøna verten som biskopane eller til og med paven, som skal sørgja vel for mannen. Då representerer dei to denarane krafta og makta biskopane har til å forkynna evangeliet og feira sakramenta.

Til sist seier den miskunnsame samaritanen at han kjem tilbake. På domedag skal Kristus koma att og henta mannen – dei frelste menneska – heim til seg.

Slik ser Augustin, Origenes og Irenaeus heile frelseshistoria i denne vesle likninga. Moderne teologar skuldar ofte kyrkjefedrane for å «tolka ting i hel». Men denne tolkinga er særs gamal og i tråd med resten av evangeliet. Måtte Den Heilage Ande opplysa og leia oss slik at me kan sjå Kristus i alle ting og verta meir og meir lik den miskunnsame samaritanen.

Av Marcus Sele Samuelsberg

Kjelder:
Evangeliet etter Lukas, kapittel 10.
Origenes, homilie 34 over Lukas.
Augustin. Quaestiones Evangelorum, Liber II: Questiones in Evangelium Secundum Lucam.

Vil du hjelpe andre mennesker med å vokse i troen og kjærlighet til Gud gjennom en gave til EWTN Norge – St Rita Radio? Trykk her for å støtte vårt arbeid

Relaterte artikler
spot_img

Tidebønner på St Rita Radio

Søndagsfrø med p. Rafal Ochojski MSF