Maria, Guds mor

Herlege ting er sagde om deg! Du er bustaden der Guds Son vart menneske. Du er porten Kongen gjekk inn i verda gjennom, og difor strøymer Guds nådes kjelde gjennom deg! (jf. Sal 87,2-3.7). Men den herlegaste av alle dei ting som er sagde om deg, er tittelen «Guds mor». Desse to små orda rømer mange teologiske sanningar.

For det fyrste seier tittelen noko om kven Kristus er. For det andre seier han noko om kven Maria er. Og for det tredje seier han noko om kven me er.

For det fyrste: tittelen vedkjenner at Kristus er sann Gud og sant menneske. Tidleg i historia åt Kyrkja var det mange ulike idear om kva Jesus var – mange av dei feil. Somme sa at Jesus var fødd som menneske og vart Guds Son i dåpen. Andre sa at mennesket Jesus og Gud Kristus var to ulike personar, og at Maria berre var mor til mennesket Jesus. Men Kyrkja vedkjenner, med rette, at Jesus er fullkomen Gud og fullkome menneske, heilt frå han vart avla i Marias liv. Jesus er Gud. Maria er mor til Jesus. Difor: Maria er mor til Gud. Korkje meir eller mindre.

Ho skapa ikkje Jesus, og Gud Sonen eksisterte lenge før Maria vart fødd. Ho er jo berre ein skapning, ho òg, uendeleg mykje mindre enn Gud. Men å kalla henne Gud mor seier noko om Jesus. Han, den høge Gud i himlen, kom ned til jorda og vart menneske. Han vart vår bror og lik oss i alt, men utan synd, slik at han kunne verta vår gode Øvsteprest (jf. Hebr 2,10-18 og 4,14-5,10).

For det andre: Då Jesus vart menneske, gjekk han òg inn i ein familie. «Guds mor» er ikkje berre ein formalitet, men seier oss at Maria og Jesus hadde eit ekte mor-son-tilhøve. Jesus gjorde seg avhengig av henne som eit lite barn. Friviljug underkasta han seg Maria og gav henne den autoritet og det ansvar alle mødrer har overfor sine søner.

Sidan Jesus enno er menneske i himlen, er Maria enno hans mor. Det er difor me trur at hennar forbøn er so mektig. Ein god son høyrer på mor si (av og til!), og det same gjer han som er den mest fullkomne Sonen. Marias rolle som Guds mor er dimed ikkje passiv, men aktiv. På grunn av Jesus, ved Jesus og i Jesus bed ho for oss alle utan stans. Sonen vil ikkje neitta henne det ho bed om (jf. Joh 2,1-10).

For det tredje: Kristi friviljuge underkasting er eit føremønster for oss alle. Det kallar oss til audmjukt å tena kvarandre og tena Gud. Og som hjelp og støtte i dette kallet, kan me sjå til Maria. Ho er Kristi mor. Me – Kyrkja – er til samans Kristi kropp. Difor fylgjer det at Maria er mor åt alle oss kristne. For di ho fødde den eine, har ho vorte mor til dei alle (jf. Sal 87,5-6).

Herlege ting er sagde om deg, du Guds heilage mor! Be for oss til Son din, at han, som heiter Jesus (det er: «Gud er frelse»), vil skjenkja oss eit nytt nådens år (Jes 61,2) på denne nyårsdagen og ein gong føra oss inn til den ævelege dagen, der natt og myrkre ikkje finst meir (jf. Op 21,23ff). Amen.

Av Marcus Sele Samuelsberg

Vil du hjelpe andre mennesker med å vokse i troen og kjærlighet til Gud gjennom en gave til EWTN Norge – St Rita Radio? Trykk her for å støtte vårt arbeid

Relaterte artikler
spot_img

Tidebønner på St Rita Radio

Søndagsfrø med p. Rafal Ochojski MSF