Marias opptaking i himmelen i kropp og sjel

Då eg budde i Tallinn, gjekk eg stundom til messe i Peter-Paulus-katedralen der. Bak alteret der heng det eit stort måleri av Marias opptaking i himmelen, av Guido Reni. Eg sat ofte føre dette biletet, i bøn og kontemplasjon. Ho har augo vendt mot himmelen medan englar ber henne opp. Eg har lenge tenkt at Marias opptaking er ein av dei tinga i trua vår der det er lett nok å skjøna kva det er, men det er vanskeleg å sjå korleis det er relevant for livet vårt her og no.

Gregorius av Tours (538-594) oppsummerer stutt soga om jomfru Marias himmelopptaking slik:

Etter dette vart dei [apostlane] spreidde til ulike delar av verda for å kunngjera Guds ord. Og då Marias liv var ved vegs ende og ho vart kalla ut av denne verda, kom apostlane saman frå heile verda ved huset hennar. Og då dei høyrte at ho skulle forlata verda, vaka dei med henne. Og sjå: Herren Jesus kom med englar, han tok sjela hennar og gav henne til erkeengelen Mikael og tok henne med seg. Morgonen etter tok apostlane kroppen hennar og kledet det låg i og la dei i grava. Dei vakta grava og venta. Og sjå: igjen stod Herren føre dei. Han tok den heilage kroppen opp i skya og bad englane bera han til paradis. Der er han no sameint med sjela igjen, og Maria lovprisar Herren med dei utvalde og gleder seg over alle ævelege gode utan å sjå oppløysinga.

Det finst mange ulike versjonar av denne soga og det finst ingen «offisiell» versjon. Hovudtrekka er likevel alltid dei same, og innhaldet er sant: den sæle jomfru Maria sovna inn, og vart so teken opp til himmelen, med både kropp og sjel. Det er difor denne høgtida i aust vert kalla Marias innsovning medan i vest vert ho kalla Marias opptaking. Tradisjonelt sett har ein skjøna «innsovninga» som døden. Eg tykkjer Johannes av Damaskus (675-749) seier det godt: «Kroppen hennar vart vara og er på ein betre og himmelsk stad der døden ikkje er». Og på ein annan stad i den same preika: «Difor skal me ikkje kalla din heilage overgang for ‘ein død’, men heller ‘ei svevn’ eller ‘ei vandring’, eller det er meir passande å seia at ‘du stelte deg fram for Gud’»

Med alt dette har har eg to tankar for dagen:

For det fyrste: Maria er mor til og eit bilete på Kyrkja. Ved å gå frå dette livet til det neste har ho vorte fullkome forma etter biletet av Son sin (Rom 8,29). Ved å verta henta opp til himmelens herlegdom, er ho allereie på den staden vår Herre har gjort klår for oss (Joh 14,2-4). Ho såg ikkje oppløysinga i grava (Sal 16,10). Gjennom henne kom frelsa inn i verda og til sist fekk ho sjølv ta imot fullnaden av denne frelsa.

Rosenkransen byrjar med inkarnasjonen og endar med Marias kroning i himmelen. Han er jo ei oppsummering av heile frelseshistoria. Saman med Maria vandrar me frå inkarnasjonen, til krossen, til oppstoda og so til den himmelske herlegdomen og den ævelege sæla. Gud skal frelsa heile mennesket, både kropp og sjel. Maria, mor til Kyrkja, er dimed eit teikn på den lagnaden Guds born går i møte.

For det andre: Maria er dronning av himmelen og jorda. Ho er den nye paktkista, tabernakelet som hyste Jesus Kristus og som har funne sin kvilestad hjå han (Sal 132,8). Ho er dronninga ved hans høgre side, kledd i gull og med ei krone av stjerner (Sal 45,10; Op 11,19-12,1). Frå ho sjølv vart avla utan arvesynd førebudde Gud henne på å verta Guds mor og mor til alle kristne. Dette kallet stogga ikkje ved enden av det jordiske livet, men heldt fram i det himmelske.

Maria er ikkje berre ein passiv mottakar av Guds nåde, men ho har fått makt til å ta vare på sine born og sine tenarar. Det er difor me kan lita på hennar forbøn og søkja tilflukt hjå henne.

Desse to tinga er ei kjelde trøyst og von. Me kan vita at døden ikkje er enden og at Kristus ein dag skal henta oss til seg. Gjennom mor si har han allereie vist oss vegen. Og han har gjeve oss mor si til ei mektig hjelp og eit trygt vern i liv og i død. La oss difor, medan me er i denne tåredalen, og med full tillit til Kristi løfter, høglova henne som høglovar Herren (Luk 1,46) og kalla på hennar hjelp, no og alle dagar. For med den same kjærleiken han elskar mor si, elskar han òg oss.

Av Marcus Sele Samuelsberg

Referansar:

Gregorius av Tours (538-594) De gloria martyrum, bok I, avsnitt 4.

Johannes av Damaskus (675-749) «Homilia I in dormitionem B. V. Mariæ», avsnitt 10. Frå Patrologia Graeca, volum 96 (1864), kolonne 715.



Relaterte artikler
spot_img

Tidebønner på St Rita Radio

Søndagsfrø med p. Rafal Ochojski MSF