St. Matteus, apostel og evangelist

Tollaren Levi

Matteus skreiv aldri nokon sjølvbiografi. Det nærmast me kjem, er  Matteus 9,9:

Derifrå gjekk Jesus vidare og fekk sjå ein mann som sat på tollbua. Han heitte Matteus. Jesus sa til han: «Fylg meg!» Då reiste han seg og fylgde han.

Ei mest identisk forteljing finst i både Markus 2 og Lukas 5, men der heiter tollaren Levi. Dimed var han kanskje opphavleg Levi, og sidan fekk eller tok namnet Matteus. Det verkar logisk når ein innser at «han heitte» kan òg omsetjast med «han vart kalla», og det er det same ordet som er nytta i Matteus 4,18: «Simon, som vert kalla Peter». Markus og Lukas har kanskje valt å bruka det gamle namnet for å gjera det litt vanskelegare for lesaren å innsjå at Matteus, deira medbror og medapostel, bruka vera ein tollar. Tollarar var statleg tilsette og arbeidde for Romarriket, okkupasjonsmakta, og dei var dimed tolleg upopulære.

Å fylgja Jesus

Bibelen er full av store forteljingar om kall. Ein kan nemna til dømes Abraham, Moses, profetane Jesaja og Esekiel, og Paulus. Matteus, på hi sida, nøyer seg med eitt einaste vers. Men det er meir her.

Matteus var ikkje mellom dei fyrste som Jesus kalla (Matt 4,18-22). Som alle andre i heile landet, hadde han høyrt vår Herre forkynna og sett eller høyrt om alle dei han hadde lækt (jf. Matt 4,23-25). Han må ha kjent til Jesus ei stund, og har sikkert gått med mange tankar i hjarta. Kva er det med denne tømmermannen, som talar med kraft og gjer under? Er dette Messias?

I Matteus 8,18-20 les me ei anna forteljing om kall, men denne endar litt annleis. Ein skriftlærd kjem til Jesus og seier at han vil fylgja han. Men Jesus svarar: «Revane har hi, og fuglane under himmelen har reir, men Menneskesonen har ikkje noko han kan kvila hovudet på» (Matt 8,20). Det er som han seier: Du trur at om du fylgjer meg, skal du få makt og rikdom. Nei – fylgjer du meg, vil det kosta alt. (Ja, er det makt og pengar du vil ha, kan du likso godt verta tollar!) Men held du ut, vil du verta frelst.

I Matteus 9,1-8, like før forteljinga om Matteus, les me korleis Jesus lækte den lamme mannen og viste for folket at han hadde makt til å tilgje synder. Me les at då folket såg det, «vart dei gripne av ærefrykt og lova Gud, som hadde gjeve menneske slik makt» (Matt 9,8).

So hender det. Matteus sit i tollbua. Han veit kva det vil kosta, han veit at skal han fylgja Jesus, må han gje alt. Men han har høyrt Guds ord. Han har sett undra. No ser han Meisteren koma inn til han. Han ser på han, peiker på han og seier: «Fylg meg». I fleire månader, kanskje i fleire år, har Guds Ande førebutt Matteus på denne augneblinken. All tvil forsvann, og valet vart lett. Han svara ikkje eingong med ord, han berre reiste seg og fylgde han.

Evangeliet etter Matteus

Både Papias (ca. 70-130) og Ireneus (ca. 125-202) fortel oss at Matteus fyrst skreiv evangeliet sitt «på hebraisk språk» før det vart omsett til andre språk (1)(2). Truleg har dei meint at det var skrive på arameisk, som var det daglegspråket åt hebrearane eller jødane. Me har berre Matteus-evangeliet på gresk. Same kva so er det ingen tvil om at Matteus skreiv til eit jødisk publikum. Han vil gje prov på at Jesus frå Nasaret er både den lova Messias og heile verdsens Frelsar. Evangeliet flyt over av referansar til Det gamle testamentet. For di det knyt Det gamle testamentet so tett opp til Jesu liv og forkynning, har Matteus-evangeliet stått i ei særstilling i Kyrkja, både i liturgien og i katekesen.

Kva det kosta

Kyrkjesogeskrivaren Eusebius (ca. 260-340) fortel at Matteus forkynte evangeliet for hebrearane i fleire år, før han reiste ut i verda (3). Dei fleste seier at han til «Æthiopia», som i denne samanhengen ikkje er Etiopia i Afrika, men ein stad i dagens Iran (4). Det er ulike tradisjonar her, men alle er samde om at han reiste til Austen, forkynte evangeliet og leid martyrdauden der. I kunsten vert han ofte slegen i hel med sverdet medan han feirar messe.

Som tollar var ein representant for den framande statsmakta og skulle krevja inn skatt og pengar av folket. Som apostel vart han representant for Guds rike og forvaltar av Kristi nåde. No skulle han vinna sjeler – ja, krevja inn sjeler – for Kristus. Då Meisteren kalla, såg Matteus at alle jordiske skattar og verdiar ikkje var noko å samla på, la av seg alt og fylgde han. Samla sanne skattar i himmelen, og fylg han du òg, for han kallar.

Marcus Sele Samuelsberg – 20.september 2022

Kjelder:

(1) Eusebius, Historia Ecclesiastica, Bok III, kapittel 39, avsnitt 16.

(2) Ireneus, Adversus Haereses III.1.

(4) Socrates Scholasticus, Historia Ecclesiastica I.19

(3) Eusebius, His. Eccl. III.24.6

Relaterte artikler
spot_img

Tidebønner på St Rita Radio

Søndagsfrø med p. Rafal Ochojski MSF