Maria Magdalena

I vestkyrkja har det vore ein del forvirring kring Maria Magdalena. I mellomalderen tykte ein at Maria Magdalena, Maria frå Betania, syster til Marta og Lasarus, og syndarkvinna som salva Herrens føter i Lukas 7,36-50, var den eine og same personen. Maria Magdalena vart ofte framstelt som tidlegare prostituert, ei vakker kvinne som levde i synd og so vendte om og gjorde bot, med faste og hårskjorte.

I austkyrkja har ein halde fast på at desse var tre ulike personar. Etter lange studiar av tradisjonen har ein i Vesten endeleg retta opp i forvirringa. I den siste utgåva av Martyrologium Romanum (2004), som er ei offisiell liste over helgenar, er Maria Magdalena og Maria frå Betania oppførte som to ulike personar, og ingen av dei vert identifisert med syndarkvinna. Dei har no to ulike minnedagar, høvesvis 22. juli og 29. juli (28. juli i Noreg). Evangeliet i messa til ære for Maria Magdalena er ikkje lenger Lukas 7 om syndarkvinna, men Johannes 20 om møtet med den oppstadne Kristus.

Maria Magdalena er ein veldig misforstått person. Kjetterske sekter heilt frå antikken og like til i dag har framstelt henne som kona eller elskarinna til vår Herre, ei som fekk overlevert det sanne, løynde evangeliet som dei mannlege apostlane ikkje kunne å ta imot. Andre vil nytta stellinga hennar som disippel som eit argument for kvinnelege prestar. Og andre vil igjen gjera henne til eit feministsymbol, ein representant for ein kristendom frigjort frå den kvinneundertrykkjande kyrkja. Ja, mange freistar å gjera Peter og dei tolv til hennar fiendar, som var misunnelege på henne.

Eg tenkjer òg på kjente songen I’ll never be Maria Magdalena (1985) av Sandra, som fører vidare mange av desse feiloppfatningane. Songen handlar nemleg om ei kvinne som ikkje vil gje opp eit utsvevande liv for å vera saman med mannen som elskar henne.

So kva veit me om Maria Magdalena? Tilnamnet Magdalena seier oss at ho kom frå Magdala, eller i minsto budde der. Det er ein by ved Genesaretsjøen. Me veit at vår Herre dreiv sju vonde ånder ut or henne og at ho tente han og dei tolv apostlane med alt det ho eigde (Luk 8,1-3). Medan apostlane gøymde seg, var ho vitne til vår Herres liding og død på krossen (Matt 27,56) og ho såg kvar han vart gravlagt (Matt 27,61). Ho var den fyrste som såg den tomme grava (Mark 16,1-8; Joh 20,1-2), og ho var den fyrste som møtte den oppstadne Frelsaren (Mark 16,9-11; Joh 20,11-18). Difor vert ho heidra som «apostel åt apostlane»; ikkje av di ho var ein apostel på same måte som Peter og Paulus, men av di det var ho som fyrst kunngjorde for apostlane at Herren var oppstanden frå dei døde.

Med andre ord: Maria Magdalena var ein disippel som fylgde Jesus med heile hjarta. Ho er eit førebilete og føremønster for alle som ynskjer å fylgja Meisteren, same kva folk kringom oss tykkjer.

Me veit ikkje kva som hende med Maria Magdalena, men ifylgje éin tradisjon, gjenfortalt av Gregorius av Tours (d. 594), flytte ho til Efesos, der jomfru Maria og apostelen Johannes budde, og sidan døydde ho og vart gravlagt der. Den mest kjente relikvien hennar er ein hovudskalle som er i Saint-Maximin-la-Sainte-Baume søraust i Frankrike, men denne kan ikkje sporast lenger attende enn til 1200-talet.

Det er ingen tvil om at Maria Magdalena var viktig for vår Herre, og at dei elska kvarandre med ein sann, heilag og sømeleg kjærleik. Kjærleik mellom Herre og tenerinne, mellom læremeister og disippel. Kjærleik mellom brudgomen Kristus og brura Kyrkja. Denne kjærleiken kalla henne til å fylgja han, til å støtta apostlane og kyrkja med alt ho eigde, til å vera vitne til Kristi liding, død og oppstode, og deretter kunngjera det for apostlane. Denne kjærleiken kallar òg oss i dag.

Kjelder:
Gregorius av Tours (538-594), Libri Miraculorum, Bok I, kap. XXX.
Martyrologium Romanum (2004), s. 404 og 420.
Decrectum de celebratione Sanctae Mariae Magdalenae etc. Acta Apostolicae Sedis 108 (2016), s. 798.
Decretum de celebratione sanctorum Marthæ Mariæ et Lazari etc. Congregatio de cultu divino et disciplina sacramentorum (2021), Prot. N. 35/21.

Skrevet av Marcus Sele Samuelsberg

 

 

 

Relaterte artikler
spot_img

Tidebønner på St Rita Radio

Søndagsfrø med p. Rafal Ochojski MSF